Våre funksjonsglas fyller mange behov


Sikkerheitsglas

Sikkerheitsglas

Sikkerheitsglas kan både hindre innbrot og redusere faren for personskade i tilfelle det vert knust. Spør oss gjerne om råd om du har ynskjer ekstra tryggleik i dine glas. 


Sjølvvaskande

Sjølvreinsande

Lat naturen vaske glaset der det er vanskeleg å komme til. Ved hjelp av regn og UV-strålar frå sollys og vert støv og skit fjerna på utsida av glaset.


Soldempande

Soldempande

Unngå overoppheting og reduser falming av møblar med solreflekterande glas. Har du store vindaugsflater mot sola kan det vere ei utfordring å halde innetemperaturen komfortabel i sommarhalvåret. Soldempande glas reduserer dette problemet.

Eigenskapar som blir brukt for å beskrive glas:
Lystransmisjon (LT): Mengde av lys som passerer gjennom glaset.
Solfaktor (g): Kor mange prosent solvarme som passerer gjennom glaset. 

 

 


Støydempande

Støydempande

Stopp utvendig støy før den kjem inn i stova. Laminerte glas med varierande oppbygging gir gode lyddempande eigenskapar. Me kan tilby fleire grader av lyddemping etter kva krav som skal stettast.


Andre spesielle glas

Dei fleste produkta våre kan leverast med funksjons- eller dekorglas som t.d. herda, laminert, ornament, gassfylt, swisspacer osv.
Lista er lang, så spør oss dersom du har spesielle behov.  

Trykkutjavna glas

Glas som skal monterast høgt til fjells må trykkutjavnast, meir informasjon her ->

Kvifor blir det dogg på glaset?

All luft inneheld meir eller mindre vassdamp. Varm luft kan halde på meir vassdamp enn kald luft. Dersom ein avkjøler varm fuktig luft vil det etter kvart oppstå kondens. Glasrutene er normalt dei kaldaste punkta i eit rom og dermed kan det danne seg dogg på desse. Er det kaldt nok kan det jamvel dannast is. Mest utsett er soverom, kjøkken og våtrom.

Her får du råd frå Glass og Fasadeforeningen ->