Spar energi – spar pengar
Sjølv om vindauga utgjer berre 5–10% av ytterflata i ein bustad kan dei stå for opp mot 40% av varmetapet. Har bustaden din tolagsglas frå 80-talet kan du meir enn halvere varmetapet frå desse ved å skifte desse ut. Moderne vindauge nærast eliminerer kald trekk og du vil oppleve auka komfort, særskilt i opphaldsrom med sitjemøblar attmed glasa. Du sparer naturlegvis på fyringsutgiftene òg.
U-verdi
U-verdien fortel om kor god varmeisolasjonen i vindauget er. Di lågare U-verdi, di betre betre varmeisolering.Du kan sjekke sannsynlig U-verdi på vindauga dine i tabellen nedanfor. Dersom U-verdien blir målt midt på glaset blir resultatet lågare enn enn når ramme og karm vert rekna med.
Heile vindauget |
U-verdi |
Enkelt glas i ramme |
5,0 |
To glas i kobla vindauge |
2,4 |
Tolags isolerrute |
2,4 |
Tolags isolerrute med eitt belagt glas og luft |
1,6 |
Tolags isolerrute med eitt belagt glas og argongass |
1,4 |
Tolags isolerrute med belagt glas, argongass, varmkant, ny ramme og karm |
1,2 - 1,1 |
Trelags isolerrute med to belagde glass, argongass, varmkant, ny ramme og karm |
1,1 - 0,9 |
Trelags isolerrute med to belagde glas, argongass, varmkant, isolert ramme og karm |
0,9 - 0,7 |
Kjelde: Enova.no
Historiske krav
Dersom du veit kor tid bustaden din er bygd kan du finne sannsynleg U-verdi på vindauga i tabellen under. Her ser du kva minstekrav og tilrådingar som forskriftene har stilt til U-verdi
Utvikling av U-verdi |
U-verdi |
Passivhus (NS 3700) |
0,8 |
Nye forskrifter 2007 |
1,2 |
Byggeforskr. 1997 |
1,6 |
Byggeforskr. 1987 |
2,4 |
Byggeforskr. 60–70-talet |
2,6 |
Byggeforskr. 40-talet |
2,8 |