Tømrar med sans for kvalitet - og 20 plussgrader om vinteren
Fjordglas har vekstambisjonar – og no ser me etter ein ny kollega til produksjonen vår!
Er du ein tømrar med gode kunnskapar om trearbeid, auge for detaljar og trivst med å jobbe i team med andre? Då kan det vere nett deg me ser etter.
Kven er du?
Du:
- har fagbrev som tømrar (eller solid erfaring med trearbeid)
- likar presisjon og kvalitet i arbeidet ditt
- samarbeider godt i team
- tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- snakkar og forstår norsk godt
Kva skal du jobbe med?
Hos oss blir du ein del av produksjonen av norske glas og dører – produkt me er stolte av, og som blir levert til prosjekt over heile landet. Arbeidet krev nøyaktigheit, struktur og ekte handverksglede.
Me har mange ulike arbeidsstasjonar. Det er og eigen nybygd treverkstad med maskiner og utstyr for rehabilitering og manuelt arbeid. Arbeidsoppgåvene blir rullert på for å skape mest mogeleg varierande og fleksible oppgåver for dei tilsette
Kvifor jobbe i Fjordglas?
- 💰 Gode løns- og arbeidstidsordningar
- 🛡 Gode pensjons- og forsikringsordningar
- 🤝 Eit inkluderande og stabilt arbeidsmiljø
- Fagleg stoltheit og høg kvalitet i alle ledd
Hos oss får du tryggleik, stabilitet og eit solid fagmiljø – kombinert med godt humør og lagånd.
Vil du bli med på laget?
Send ein kort søknad og CV til glenn@fjordglas.no – eller ta kontakt på 970 35 458 for ein uformell prat.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Søknadsfrist 25.02.2026
Fjordglas
Norsk kvalitet – produsert med stoltheit.