Trykkutjamning av isolerglasruter

2-lagsglas, Energiøkonomi -

Trykkutjamning av isolerglasruter

Glasruter som skal monterast høgt til fjells må trykkutjamnast

Luftrommet mellom glasrutene er hermetisk forsegla. Varierande trykk og temperatur vil påvirke inn- eller utbøying av isolerruta, og blir skilnaden for stor kan det føre til lekkasje i kantforseglinga eller at glaset sprekk.

Våre produkt er basert på montering opp til:

  • 1000 m.o.h. for 2-lags glas
  •   800 m.o.h. for 3-lags glas

Produkt med glas som skal monterast høgare til fjells må trykkutjamnast.

Om vi får oppgitt høgde over havet og gjennomsnittstemperatur der det skal monterast kan vi få glas som er korrekt tilpassa forholda.

 


translation missing: nn.blogs.article.tags