Coronaviruset

Fjordglas AS ønskjer å vise samfunnsansvar når det gjeld coronaviruset, samt bidra til å førebygge smitte. 

Vårt mål er å oppretthalde både produksjon og salgsfunksjonar i så stor grad som det er mogleg. Vi – som alle andre – har tilsette som må ta ansvar på heimebane i perioden der skular og barnehagar er stengt.  Alle våre tilsette er innstilt på å bidra til at vi kjem oss igjennom ein utfordrande periode, bl.a. med å jobbe overtid, forskyve arbeidstid o.l.

Status per i dag er at produksjonen er i rute, og alle ordrar blir sendt som planlagt. Salgskontoret har god kontroll på sitt arbeid. Kva som skjer i vekene som ligg framfor oss kan ingen vite. Vi skal gjere vårt beste for å oppretthalde god service, og leveranse til rett tid. 

Vi har eit ønskje om at våre kundar gjev melding til oss, dersom det er ordrar som kan utsettast. Ikkje fordi vi må utsette ordrer no, men som eit grunnlag for oss til å prioritere rett, dersom situasjonen endrar seg i tida som kjem. 

Nokon av tiltaka som er iverksatt:

  • Gode rutinar på handvask og desinfeksjon.
  • Regelmessig desinfeksjon av alle dørhandtak, lysbrytarar osv.
  • Pausane blir delt opp, slik at få personar er samla.
  • Alle held avstand til kvarandre, så langt det er gjennomførbart.
  • Interne møter blir utsett/avlyst.
  • Ingen besøkande slepp inn i bedrifta utan tilvist handvask, det same gjeld sjåførar som leverer varer til oss.
  • Sjåførar som leverer må sjølv signere fraktbrev og lignande, for å unngå smitte.
  • Heimekontor for nokre.
  • Vi unngår alle former for reiser.

Vi følgjer dei råda som blir gitt av myndigheitene, og vi kjem til å gjere løpande vurderingar. Ny informasjon kjem straks vi har noko å melde.

Ta kontakt om noko er uklart.

Luster 13/3-2020

mvh
Robert Veum

FJORDGLAS AS · Sanatorievegen 79 · N-6872 LUSTER
Tel: (+47)  57 68 21 20   mob 970 30 862
robert@fjordglas.no · www.fjordglas.no